Kvifor vil så mange tyskarar ha ytre høgre-kreftene til makta igjen?
Send en tanke til Demos medlemmer
De har betalt for at vi kunne lage denne historien. Uavhengig journalistikk er ikke gratis.
Alternative für Deutschland kan få eit historisk gjennombrot søndag. Det kan gje ringverknader langt utanfor grensene til Tyskland.

Europas viktigaste val?
Søndag kan bli ein historisk dag i Tyskland. Då er det første delstatsval i det som blir omtalt som Europas viktigaste land. Og ytre-høgrepartiet Alternative für Deutschland, AfD, ligg an til å gjere eit brakval i delstaten Sachsen-Anhalt.
AfD er ikkje eit vanleg parti i Tyskland. Etterretningstenesta i landet har stempla partiet høgre-ekstremt. Partileiar Alice Weidel er heller ikkje ein vanleg leiar for AfD. Ho er lesbisk, og partnaren hennar er fødd på Sri Lanka.
No kan partiet hennar for første gong få regjeringsmakt, i delstatsvalet aust i Tyskland søndag. Etterskjelvet kan nå heilt til Berlin, og langt utanfor landets grenser.
Kvifor vil så mange tyske velgarar ha ytre-høgre-kreftene tilbake ved makta?
Det er ikkje så ofte vi snakkar om tysk politikk, og kva som rører seg på lokalplan i Tyskland. Så la meg gi deg ein kjapp bakgrunn før det mildt sagt spennande delstatsvalget søndag:
Tyskland er ein føderalstat med 16 delstatar, som blir styrt av kvar sine regjeringar. Statsmakta tilhøyrer i utgangspunktet delstatane, med mindre grunnlova seier noko anna. Delstatane styrer sjølv kva det skal undervisast om på skulen og på universiteta, bestemmer over politiet og ressursane i helsesektoren. Kort sagt; dei styrer seg sjølv.
La meg i same slengen gi deg eit lite bilde av delstaten Sachsen-Anhalt, der historisk og omveltande hendingar kan finne stad i helga.
Sachsen-Anhalt ligg sentralt aust i Tyskland. Her har 2,2 millionar innbyggarar tradisjonelt livnært seg på kjemisk industri, maskinproduksjon, fornybar energi og landbruk.
Det var i dette området, i byen Wittenberg (som i dag heiter Lutherstadt Wittenberg) at Martin Luther i år 1517 spikra sine 95 teser på slottskyrkjedøra, og endra kristendomen for alltid.
Søndag, etter kirketid, kan Sachsen-Anhalt bli historisk igjen, og endre tysk politikk for lang tid.
Det er fordi AfD, ytre-høgrepartiet, kan få reint fleirtal i delstatsparlamentet. Og det vil jo vere første gang sidan 1945 at eit ytre-høgreparti kontrollerer ein heil delstat, seier Astrid Sverresdotter Dypvik, som er rådgjevar i Tankesmia Agenda, og forfattar.
Ho har skrive fleire bøker om Tyskland og tysk politikk. Og nyleg var ho tett på han som kan bli første ministerpresident for partiet Alternative für Deutschland.
– Ja, på mandag denne veka var eg på valmøte i AfD, i ein småby som heter Klein Vannsleben, som ligg ved delstatshovedstaden Magdeburg. Der var det ein toppkandidat til AfD som hadde et valgmøte. Det var ein bitte liten plass, eg trur det bur 1160 personer der. Det var 500 folk på møtet, og ellevill jubel over Ulrich Siegmund, som er ekstremt populær blant svært mange i Sachsen-Anhalt.
Alternative für Deutschland fekk drøyt 20 % av stemmene ved det nasjonale valet i fjor. I delstaten som har val komande søndag har AfD 40 prosent oppslutnad på målingane. Valløfta slår an hos velgarane i det austlege Tyskland:
– Dei vil ha masseutvising av personar som dei meiner ikkje høyrer til, eller burde ha høyrt til. Og dei vil oppheve skuleplikta, slik at barna ikkje blir indoktrinerte av den venstreliberale staten.
Sidan statsmakta tilhøyrer delstatane, er det politiske handlingsrommet stort. Det vil AfD utnytte.
– På universiteta vil dei ha politisk kontroll. Dei vil opprette eit institutt for kritiske islamstudier. Og så vil dei at universitetsdemokratiet, som vi kjenner det, skal avskaffast fordi det fører til masse feil ideologi. Og dei vil oppheve kjønnsstudier, fortel Sverresdotter Dypvik.
Ifølgje forfattaren vil AfD blitt kvitt det dei kallar indoktrineringa i skulen, og difor gjere det lettare å etablere alternativ til den offentlege skulen.
– I tillegg kan vi rekne med at dei vil ta tak i innhaldet i skulane. Mellom anna vil dei at tyske barn skal lære å bli meir stolte over historia si.
I fjor kategoriserte tysk innanlands etterretning AfD som eit høgre-ekstremt politisk parti.
– Den juridiske definisjonen dei brukar handlar om demokrati. Etter den tyske lovgivninga er eit parti som ikke sluttar opp om den demokratiske grunnlova å rekne som ekstremistisk. Her mener etterretninga dei har haldepunkt for at AfD sine politikarar ikkje respekterer demokratiet, og at dei vil innføre eit autoritært styre i Tyskland.
Ein domstol i Köln slo i februar i år fast at tysk politi og etterretningsteneste ikkje kan behandle AfD som eit høgre-ekstremt parti. Partiet blir likevel fulgt nøye med, noko AfD meiner er politisk overvaking og forfølging.
– Partiet sine politikarar seier at sikkerhetstenesta no er blitt eit instrument for politisk forfølging. Den er ikkje nøytral for å bevare staten, men for politisk forfølging av opposisjonen, seier Tyskland-kjennaren.
Dypvik trur AfD, dersom dei kjem til makta allereie søndag, kjem til å svare med same mynt.
– At dei då, fordi dei mener at tryggingstenesta har blitt brukt til å sikre makta - vil rekne det som legitimt å bruke den på samme måte som dei mener at den har blitt brukt tidligare.
Dei tradisjonelle partia i Tyskland har nekta å samarbeide med eller sitte i koalisjon med AfD. Men dersom partiet får svært stor oppslutnad, dei har 40% på enkelte målingar, så blir det vanskeleg for andre parti å danne regjering utan AfD.
Det som har blitt omtala som brannmuren mot ytre-høgre i tysk politikk, blir no testa for alvor, også internt i det kristendemokratiske styringspartiet CDU .
– Eg veit at i det CDU er mange som meiner at denne brannmuren er unødvendig og moralistisk. Den hemmar jo resten av politikken, og gjer at du får samarbeid som fungerer veldig dårlig for alle.
Dypvik viser til at Tyskland no har ei regjeringskoalisjon av sosialdemokratar og kristendemokratar, og at dette har gitt ein type sentrumspolitikk som hverken kristendemokratane eller sosialdemokratane synest fungerer.
Det er i dette landskapet, og i denne misnøya, AfD har skote fart. Om om partiet skulle gjere eit brakval, først i Sachsen-Anhalt søndag, og seinare i andre deler av Tyskland, vil det skape skjelvingar heilt til Berlin.
Men kva er det som gjer at så mange tyske velgarar for første gong sidan krigen ønsker seg eit kontroversielt ytre-høgre-parti tilbake til regjeringsmakt?
– Det er jo eit veldig godt spørsmål. Før AfD dukka opp, var Tyskland eit av få land som ikkje hadde eit parti av denne typen. Og då sa ein alltid at det var fordi dei er vaksinert av historia si, dei har lært. Men no har dei tydeligvis ikkje lært likevel.
Alternative für Deutschland er eit parti som er skapt i politiske kriser, og som har skapt politisk krise.
Partiet vart grunnlagt i 2013 som ein direkte respons på, og eit alternativ til, dåverande forbundskansler Angela Merkel, som insisterte på at det ikkje var noko anna alternativ enn å bruke enorme summar for å betale Hellas ut av sine store økonomiske problem, som blei utløyst av finanskrisa i 2008 og 2009. EU brukte enorme summar på å få den greske økonomien på fote igjen.
AfD likte det dårleg.
Og så, to år etter partistiftinga, skjedde det noko som AfD likte endå mindre: Då straumen av flyktningar og migrantar tok seg til fots oppover vegane gjennom Europa, og europeiske statsleiarar ikkje visste korleis dei skulle handtere det dei kalla for ei flykningekrise, svarte dåverande forbundskanslar Angela Merkel: “Wir schaffen das!”. Vi klarer det. Og opna grensene.
– Det var eit tiltak som var veldig populært hos nokre. Men hos andre var tanken at styresmaktene står på for alle andre. Dei skal redde Europa, dei skal redde flyktninger. Men kva med oss?
Astrid Sverresdotter Dypvik peikar på at den tyske økonomien gjekk godt fram til pandemien for seks år sidan. Og at talet på folk som lever i fattigdom, utan arbeid, er høgt.
Kjensla av å leve eit liv avgrensa av dårleg økonomi utan sjanse til å få arbeid, skapar stor misnøye. Dette er tydelegare i den delen som tilhøyrde det gamle Aust-Tyskland. Der er også oppslutnaden om AfD størst.
– Folk i aust har mykje mindre tillit og lojalitet til sentrale styresmakter, fordi dei opplever at dei ikke blir respekterte som borgarare på same måte som vest-tyskarane, seier Dypvik.
– Folk i aust har mykje mindre tillit og lojalitet til sentrale styresmakter, fordi dei opplever at dei ikke blir respekterte som borgarare på same måte som vest-tyskarane.
– Handlar dette like mykje om kjensla av å leve eit litt traurig liv, som om ideologi?
– Valforskarar har lenge sagt at ein kan rekne med at halvparten av velgarane er reine protestvelgarar. Men samstundes er det ein veldig klar politisk retning på det politiske programmet til AfD. Og då tenker ein at omlag halvparten er overtydd, sier Dypvik.
Etter Russland sin invasjon av Ukraina, og tvil om USA sin lojalitet til Europa, har Tyskland fått ein endå sterkare rolle, sa direktøren ved Fritdjof Nansens Institutt, Iver B. Neumann i Demontert tidlegare i veka. Då var temaet at Tyskland hadde ansvarleggjort Russland for forsøk på droneangrep på ein flyplass i sommar:
– Tyskland er den sentrale makta i Europa. Dei har ikkje kjernefysiske våpen, og dei har ikke ein særlig stor ståande hær. Men dei ligg midt i smørauget, dei har den sterkaste økonomien. Norge må stå last og brast med Tyskland, Storbritannia og Frankrike - det er jo dei som er våre sikre allierte, sånn som verda er no.
Kva betyr det som no skjer i tysk politikk for oss? Kva kan vi vente oss av vårt allierte Tyskland dersom landet ein dag på ny blir styrt av eit parti heilt ytterst på høgresida?
– Det vil bli veldig vanskeleg. Deler av AfD er svært Russland-venleg. Dei vil ha meir russisk undervising, meir kulturutveksling med Russland, seier Astrid Sverresdotter Dypvik.
Ho viser til at opplysningar om at fleire sentrale AfD-politikarar deltok på feiringa av president Vladimir Putins sin bursdag i vår, på den russiske ambassaden.
– Tryggingstenesta meiner at mange AfD-politikarar ikkje er lojale til Tyskland, men at det er sannsynleg at dei heller er lojale til Russland.
– Dersom Tyskland i framtida er styrt av et ytre-høgreparti, så anar eg at vi kjem til å få det litt vanskeleg?
– Då er dei ikkje til å stole på, ut fra de føresetnadane vi i det politiske Norge legg for eit godt samarbeid. Men heldigvis så kan du seie at det nok er langt unna. For på nasjonalt nivå så er det 20 % oppslutning. Og at dei aller fleste vil ha noko anna.
Ekspertane har tatt feil om AfD før. Det tok berre ein valperiode, fire år, frå partiet vart stifta til det hadde plass i nasjonalforsamlinga.
Men uansett påverkar AfD sin sterke posisjon handlingsrommet til forbundskanslar Friedrich Mertz (CDU), som heile tida må spørre seg følgjande:
– Korleis vil denne saka slå ut for AfD? Korleis vil det påverke deira popularitet? Korleis vil dei reagere på det? Det er ei så sterk kraft, og så vil ein heile tida unngå å gjere noko som styrkar dei endå meir, seier Sverresdotter Dypvik, og peikar på at noko av det første han gjorde var å både innførte grensekontroll, strengare innvandringspolitikk og hardare tiltak mot kriminalitet.
Ingenting oppstår i eit vakuum. Heller ikkje politiske parti. Og når folk som opplever vanskelege tider ikkje føler at dei blir sett, høyrt og forstått - gir dei beskjed. På målingar og ved val. Det er jo sjølve demokratiet, det.
Uansett korleis det går med delstatsvalet søndag, Alternative für Deutschland - og resten av tysk politikk, tenker eg at vi må slutte å snakke så lite om kva som rører seg i det viktigaste landet i Europa. Vi høyrer jo at det angår oss.
Dette har også skjedd i dag
Lanserer «verdas mest intelligente KI-modell». Det sa OpenAI-presidenten under ein pressebrifing i samband med lanseringa av GPT-6 Astra på torsdag, noko han meiner markerer starten på ein «AGI-æra» og eit nytt kapasitetsnivå for kunstig intelligens. Omgrepet AGI, som står for «artificial general intelligence», vert brukt om ein meir avansert form for KI som kan konkurrere med eller overgå menneske på eit breitt spekter av oppgåver – i motsetning til KI-modellane i dag, som har tydelege avgrensingar.
DNNy øy oppdaga på Svalbard. Satellittbilete frå i sommar viser at ei øy på storleik med Frognerparken har smelta fram som følgje av at isbreen Austfonna har trekt seg tilbake. Klimaendringane endrar landskapet på Svalbard i stadig større tempo, ifølgje breforskar ved Norsk Polarinstitutt, Geir Moholdt. – Dei siste åra har brear på Svalbard mist meir enn ein meter is på overflata i snitt per år. Det er langt meir enn det som tidlegare er observert, påpeikar Moholdt. VG
Dagens sak
Brede Hangeland vil ha landslagsspillere med kjærlighetshormoner, men er i kamp med sitt eget indre.
Ingenting oppstår i eit vakuum. Heller ikkje politiske parti. Og når folk som opplever vanskelege tider ikkje føler at dei blir sett, høyrt og forstått - gir dei beskjed. På målingar og ved val. Det er jo sjølve demokratiet, det.
Uansett korleis det går med delstatsvalet søndag, Alternative für Deutschland - og resten av tysk politikk, tenker eg at vi må slutte å snakke så lite om kva som rører seg i det viktigaste landet i Europa. Vi høyrer jo at det angår oss.
Med vennlig hilsen
Håkon HaugsbøHistorien er laget av Håkon Haugsbø. Mohammad Ataey. Nora Brønseth. Hans Kristen Hyrve.