Ebola sprer seg i rekordfart. Har vi eit ansvar for folkehelsa i verda?
Send en tanke til Demos medlemmer
De har betalt for at vi kunne lage denne historien. Uavhengig journalistikk er ikke gratis.
Global helse har blitt sikkerheitspolitikk. Kva ansvar har vi som samfunn for verda si felles folkehelse? Og er det fellestrekk å finne, mellom dei ebola-smitta i Kongo og president Donald Trump?

Ebola-epidemien i Kongo spreier seg raskare enn noko tidlegare utbrot. No er over 3000 døde, og fleire enn 6000 smitta, sidan epidemien blei erklært ei internasjonal folkehelsekrise rett før sommaren.
Tru, mistru og gravferdsskikkar gjer det nesten umogleg å stoppe smitten. Det finst ingen vaksine mot denne virusvarianten. Ingen medisin. Berre isolasjon, eit kappløp mot tida - og mot grava for nesten halvparten av dei som blir smitta.
Men dette er ikkje berre ei helsesak lenger. Global helse har blitt sikkerheitspolitikk. Eit virus som får fritt spelerom éin plass på kloden i dag, kan vere vårt problem i morgon.
Kva ansvar har vi som samfunn for verda si felles folkehelse?
Er det fellestrekk å finne, mellom dei ebola-smitta i Kongo og president Donald Trump?
I den Demokratiske Republikken Kongo, det nest største landet i Afrika, hadde dei nok å stri med frå før. Borgarkrig, sosial naud, svolt, seksuelle overgrep og sjukdom.
Så kom pesten.
– Fire av ti som blir smitta, døyr. Kva er det som gjer dette så dødeleg?
– Kanskje endå fleire enn dét som ein har kjennskap til. Og så er det eit stort mørketal under her også.
Det seier Frode Forland, som er fagdirektør for global helse ved Folkehelseinstituttet. Han er spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin, og har jobba både som allmennlege og fylkeslege.
– Dette er ein sjukdom som startar som andre smittsame sjukdommar, med muskelverk, feber og influensaliknande symptom. Det kan ta to til tre veker før dei alvorlege og meir allmenne symptoma viser seg, symptom som òg kan likne på influensa eller malaria. I denne fasen er du smittsam.
Forland har peiling på virus og smittsame sjukdomar, også i Afrika.
– Og så går du inn i ein veldig smittsam fase når du får åtak på indre organ. Då kan du få diaré, oppkast og blødningar. Og til slutt er ein også smittsam etter dødsfall.
– Det blir omtalt som en blødningsfeber, hva er greia med blødning her?
– Heilt i sluttfasen av sjukdomen kan ein få blødningar frå kroppens opningar, både nase, munn og nedre organ. Mange får likevel ingenting av dette, og det gjer det vanskeleg å oppdage sjukdommen tidsnok til å få stoppa smittekjeldene.
Kongo har opplevd fleire store ebola-utbrot før, men smitten som no sprer seg er det største i moderne tid, med 6000 smitta, 40 prosent dødeligheit - og eit tempo ingen har sett før.
– Det er vanskeleg å finne dei som kan vere smitta før dei alt har smitta andre. I tillegg er det store utfordringar med tillit i lokalbefolkninga i Kongo overfor dei som kjem ut for å spore opp kontaktane til dei sjuke. Ein fryktar at ein berre når ut til om lag 20 prosent av dei som kan vere smitta, noko som gjer at ein ikkje klarer å bryte smittekjedene, og utbrotet held fram med å spreie seg. Det er òg manglande tillit til helsearbeidarane i området og sentra dei har bygd opp for å handtere dei døde.
– Utfordringa er altså eit svakt helsesystem og manglande tillit i lokalbefolkninga. I tillegg er det militær uro i området, noko som gjer at folk kjenner seg utrygge når dei rører seg rundt.
– Hva skuldast denne mistrua til helsearbeidarar og legar, som en kanskje skulle tru ein hadde tillit til i utgangspunktet?
– Dei som kjem utanfrå, blir møtte med mistru. Dei kjem plutseleg for å stoppe eit utbrot fordi dei kanskje fryktar at det skal spreie seg til deira eigne land. Samstundes står lokalbefolkninga i stadige utbrot av malaria, meslingar og andre vanlege sjukdommar som folk døyr av i området. Då var det kanskje ingen som kom for å støtte og hjelpe.
Det kjem også gode nyheiter frå det afrikanske kontinentet, om ein høyrer etter. For ei veke sidan blei afrikanske helseministrar samde om “Africa Health Workforce Agenda”, som forpliktar dei til å trene tre millionar helsearbeidarar fram til 2035.
Medan mykje av den globale helseinnsatsen har vore styrt frå store organisasjonar på den nordlege halvkule, seier Frode Forland i FHI at afrikanske land har bygd opp ein sterkare kompetanse i eigne land, og vil i større grad klare seg sjølv.
Men, seier Forland, dei har bedt om støtte og hjelp i likeverdige partnarskap.
Det blei brått mykje vanskelegare.
– Det store kuttet i bistand, som ikkje minst USA stod for, men som òg andre land i Europa har stått for. Både Frankrike, Storbritannia og Tyskland har kutta dramatisk i bistanden. Mykje av pengane som før har gått til dei fattigaste, går no til å kjøpe våpen og til å støtte den humanitære situasjonen i Ukraina, til dømes.
– Men Donald Trump har profilert seg sterkt på kutta i bistandsløyvingane. Kva er forklaringa de har fått frå styresmaktene?
– Du meiner frå USA? Dei er opptekne av å sikre Amerika først. Den globale helsestrategien til USA heiter America First Global Health Strategy, noko som viser at perspektivet er å ta vare på amerikanske borgarar ute og heime. Difor har han kutta i bistandsorganisasjonen USAID og redusert støtta til store multilaterale organisasjonar, inkludert vaksinefondet GAVI og hiv/aids-arbeidet. I tillegg har dei meldt seg ut av ein rekkje internasjonale FN-organisasjonar som jobbar med helse og humanitære saker.
Den franske ambassadøren for global helse, Anne-Claire Amprou, blei av Time Magazine kåra til ei av dei viktigaste stemmene innan global helse i 2026. Ho har åtvara om at bistandskutt, geopolitisk uro og klimaendringar kan sette to tiår med framsteg i helsearbeidet i fare. Til Panorama Nyheter sa Anne-Claire Amprou i april i år at global helsepolitikk ikkje er veldedigheit, det er sikkerhetspolitikk.
Frode Forland tenker det er begge deler.
– Det er jo sjølvsagt viktig å redde dei liva du kan med enkle midler. Og hvis du ønsker å investere i noko som gir mest mulig utbytte, så bør du halde fram med å investere i helse og utdanning i dei fattigaste landa i verda. Det er grunnmuren i utviklingspolitikken.
Samstundes handlar det om å investere i vår eigen helsetryggleik og sikkerheit.
– Det skapar uro, og det fører til pandemiar hvis du ikkje har eit godt system på lokalt nivå. Eit anna døme, som liknar på ebolautbrotet, er det som hende i 2024, i Rwanda. Då var det eit utbrot av marburgviruset, som er ‘søskenbarnet’ til ebola. Det er like smittsomt og like dødeleg, men dei greidde å stoppe det etter 66 tilfelle og 15 dødsfall.
Under det store ebolautbruddet i Vest-Afrika i 2014–2015 var det 11 000 dødsfall.
– Heile verda sto på hovudet. Økonomien i dei tre landa blei ødelagt for mange år framover. Slike utbrot har enorme følgjer for utviklinga i landa og for tryggleiken mellom land, seier Forland.
Så på kva måte angår verda si felles folkehelse oss som samfunn?
– Det angår oss både ut frå eit solidaritetsperspektiv og eit sikkerheitsperspektiv. Vi har det internasjonale helseregelverket, der det blir krevd at alle land støttar kvarandre for å bygge opp langsiktig kapasitet mot sjukdomar som kan krysse landegrenser.
– Har vi ei eigeninteresse av å unngå en ny pandemi her til lands ved å støtte det globale helsearbeidet i Afrika eller Sørøst-Asia?
– Ja, definitivt. Det er der den biologiske risikoen er størst – ikkje i Europa eller USA. Å oppdage tidlig at eit virus eller ein bakterie kan truge heile verda, og få utvikla vaksiner i tide, er ekstremt viktig, svarar fagdirektøren ved FHI.
I Kongo har dei ikkje vaksine mot ebola-viruset som tek liv i ein rasande fart. Og helsearbeidarane klarer ikkje å spore smitten før det er for seint. Kongolesarane er mistruiske mot folk i kvite frakkar, mot vestlege, mot system og styresett.
I kampen mot andre smittsame sjukdomar i resten av verda har USA trappa ned innsatsen, snøra igjen pengesekken, og sett “America first”. Donald Trump og hans folk er mistruiske mot FN, på EU, Verdas Helseorganisasjon og humanitære aktørar.
– Så då kan vi kanskje seie at dei ebolasmitta i Kongo og USA sin president Donald Trump har noko til felles?
– At dei begge lider av denne situasjonen, er det det du mener? Eller manglende tillit?
– Ja, jeg tenker på mistillit og mistro til system og til autoriteter. At det pregar dei begge to.
Og der skal vi kanskje stanse samanlikninga av dødssjuke menneske i Kongo og presidenten i USA. Men han - og du og eg - har noko til felles.
Nemleg at vi alle er avhengige av produkt som inneheld metall og mineral som gruvearbeidarar med livet som innsats hentar i Kongo.
Til batteri i mobiltelefonen, Mac’en, elbilar - kobbar i ledningar, motorar og elektronikk.
Og ikkje minst gull.
Men gullalderen for internasjonal solidaritet og samhald er kanskje forbi?
Dette har også skjedd i dag
Russlands president Putin har skulda Norge for “statsterrorisme”,fordi skipet «Professor Moltsjanov» blei tatt i arrest av Sysselmesteren på Svalbard i går, etter pålegg fra Nord-Troms og Senja tingrett, som igjen handla på oppmoding frå Ukraina. Båten ligg no til kai i Barentsburg.
Justisdepartementet understrekar at Norge ikkje er part i denne saka, men at Sysselmesteren berre følgde opp tingretten sin kjennelse, som namsfogd.
Anklagen om statsterrorisme kom fra president Putin då han omtala beslaget under ein næringslivskonferanse i Vladivostok tidligare i dag. Ifølgje det russiske nyheitsbyrået RIA sa han at «dei som ignorerer dette - eg meiner først og fremst Ukraina sine vestlege allierte - blir medskuldige i internasjonal terrorisme».
Dette er noko vi i Demo såklart følger med på, og kanskje blir det morgendagens Demontert.
Fortell oss gjerne kva du lurer på om det som skjer på Svalbard, forholdet mellom Norge og Russland, eller den spente situasjonen mellom Europa og Russland.
(NRK)
Dagens sak
Hva skal Demo gjøre med KI? Vi fant et (foreløpig) svar.
Historien er laget av Håkon Haugsbø. Mohammad Ataey. Nora Brønseth. Nina Stensrud Martin. Trine Sollie.