Moderne krigar blir ikkje avslutta på papiret: Eit innblikk i russisk diplomatistil
Send en tanke til Demos medlemmer
De har betalt for at vi kunne lage denne historien. Uavhengig journalistikk er ikke gratis.
Her er eit forsøk på å lesa mellom linjene og forstå kva som eigentleg blir sagt når leiarane i Ukraina, Russland og USA snakkar om ein avtale på veg. Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, har fulgt situasjonen nøye. Han kan gi noko meir kontekst i kva som faktisk er ståa i fredssamtalane mellom Russland og Ukraina no.

Denne teksten er eit lett redigert transkript frå samtalen med Iver B. Neumann, som ligger ganske tett opp til lydversjonen av saka.
Anders: Korleis ville du karakterisera eller oppsummera diplomatiet som har gått føre seg denne veka?
Iver B. Neumann: Det har vore ein produktiv runde. Folk har snakka saman, og ein har hatt litt skytteldiplomati, altså at folk har gått fram og tilbake. Så er det eit skår i gleda her, og det er at amerikanarane brukar spesialutsendingar framfor profesjonelle diplomatar. Det sinkar og øydelegg for prosessen.
Forretningsmann
Samtalane i Oslo og så i St. Petersburg er kanskje det viktigste som har skjedd denne veka, i alle fall formelt. Etter ønske frå ein pressa Volodymyr Zelenskyj inviterte statsminister Jonas Gahr Støre og den finske presidenten Alexander Stubb til samtalar her med Zelenskyj og USAs spesialutsending Steve Witkoff. Dei kom med eit utkast til ein avtale som Witkoff tok med seg til Putin sjølv i Russland.
Steve Witkoff – det er kanskje eit namn du har fått med deg, eller kanskje ikkje. Han er i utgangspunktet ein amerikansk eigedomsutviklar, litt som Donald Trump sjølv.
Disse to har hatt eit langt og tett forhold gjennom nærare førti år. Så Witkoff har altså mykje tillit hos den amerikanske presidenten. Men som du kanskje allereie har plukka opp, har han ikkje lkike mykje tillit hos Iver Neumann.
Iver B. Neumann: Steve Witkoff har to fortrinn. Han har øyret til Trump, og han har erfaring med forretningsavtalar. Problemet er at i forretningslivet er det slik at ein lagar ein avtale om det og det, ein såkalla deal, og den er gyldig der og då. Så kan ein tenka at ein er ferdig. Men det held jo berre dersom det er ein mange ulike menneske ein kan samhandla med.
– Om ein møter den same motparten heile tida, blir det eit heilt anna spel. Då må ein ikkje berre tenka på ein deal, men ein avtale som held lenge, som er forankra og som gjer at man kan gjera business med andre statar seinare også.
Diplomatiet er jo rigga for akkurat det. Diplomatar er trent hos kvar sin stat, men det er omtrent same trening. Dei veit kva dei skal gjera. Det vil seia at når dei møtest, så er det ein del av ein lang prosess, og ein tenkjer på den prosessen opp mot eit møte som har vore og nye møter som kjem.Slik tenker ikkje forretningsmannen Witkoff. Han skal berre bli ferdig. Så Witkoff er ein glad amatør, og glade amatørar kan ha nytte. Men om dei blir brukt fast, kan det vera farleg.
Vanskelege forhold
Witkoff hadde ikkje verdas enklaste oppgåve då han skulle inn og navigera i dette. Her kjem ei kort tidslinje over det som har skjedd i det siste. Ein viss dramatikk starta med ein dieselavtale som kom brått på. Etter fullskalainvasjonen av Ukraina for snart fem år sidan, har økonomiske sanksjonar vore eit viktig grep mot Russland, som å kutta ut handel. USA letta no på desse sanksjonane ved å kjøpa diesel frå Russland, i håp om å få ned drivstoffprisane heime i USA. Dei har gått kraftig opp grunna krigen med Iran.
Så mista Ukraina plutseleg eit viktig verktøy i krigen. Noko av støtta Ukraina får frå USA, er tilgang til Starshield, altså den militære varianten av Starlink-nettverket til Elon Musk. Starshield er avgjerande for ukrainske dronepilotar som vil senda dronane sine inn mot russiske mål. Dei er avhengige av både fart og kontroll. Denne veka mista pilotane plutseleg kontakten med dronane dersom dei nådde ein viss fart.
I går kveld blei det meldt at Starshield er tilbake i full funksjon. Men i løpet av dagen i dag er det kome nye meldingar om at Starshield framleis blir skrudd av når dronane passerer ein viss fart.
Tilbake til start?
Heile denne situasjonen, saman med den russiske dieselavtalen, har gjort forholdet mellom Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj anspent den siste tida. Spørsmålet blir jo då om forhandlingane denne veka har ført til faktiske framsteg i fredsforhandlingane, eller om me er tilbake til start.
Iver B. Neumann: Eg vil seia tilbake til utgangspunktet. Her skal USA megla fram fred mellom Russland og Ukraina. Ein av dei aller viktigaste tinga for ein tredjepart, er at den eigne agendaen ikkje skal vera altfor synleg.
Men det me såg her, var at Trump hadde ein heilt eigen agenda, å trekka merksemda vekk frå Iran-krigen og mellomvalet, og prøva å få det til å sjå ut som om det var Ukraina som hadde skuld i dei høge bensinprisane i USA. Altså brukar han meklarrolla si i denne krigen for å oppnå ein innanrikspolitisk gevinst.
Det er klart at det øydelegg ein del for dynamikken i forholdet mellom USA, Russland og Ukraina.
Det Russland vil
Frå den russiske sida er det også blitt sagt ei del dei siste dagane. Før Witkoff besøkte St. Petersburg, sa den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at dei gjerne såg på avtalen Witkoff kom med, men han utelukka å fira på sine eigne krav. I går kveld sa Vladimir Putin at Russland var klare for å forhandla om ein avtale som var varig og som sikra tryggleiken for både Ukraina og Russland.
Det minner meg om eit sitat frå Love Actually. Den amerikanske presidenten seier til Hugh Grant at han kan få akkurat det han vil i forhandlingane, så lenge det ikkje er noko presidenten ikkje vil gje frå seg. Eit poeng med akkurat den scena, er at dette blir sagt på bakrommet. Foran pressa snakkar presidenten om produktive samtalar, i alle fall til Hugh Grant skapar ei slags diplomatisk krise.
Kor interesserte er Russland i ein avtale no?
Iver B. Neumann: Ein veldig, veldig viktig ting som dei fleste gløymer, er den russiske forhandlingsstilen. To ting som er viktige:
Den eine er at Russland tenkjer at ingenting er avgjort før alt er avgjort. Det me ser gong på gong, er at dersom ein gjer framsteg på nokre ting, vil Russland legja meir i potten og seia: «Ja, men me må jo sjå dette som ein del av den generelle europeiske tryggleikspolitiske situasjonen», og så vidare. Når alt er avtalt, då er alt avtalt for russarane. Det betyr at det truleg ikkje blir nokon avtale – dette blir ein frosen konflikt.
– Og: I Vesten tenkjer me ofte at «ja, no har me ein avtale, ferdig med det», og så gjer me som det står i avtalen. Det er ikkje stilen til Russland. Avtalen ligg der, og det å faktisk oppfylla den er ein del av spelet. Det er ganske smart politisk, men det gjer det også vanskeleg med tillit. Dette må ha fremst i panna når me trass alt så vidt byrjar å nærma oss ein fred.
Det siste Iver Neumann sa der var nok det aller mest interessante frå samtalen vår i dag tidleg: At den russiske diplomatstilen ikkje er helt slik me trur eller ventar. Men kva betyr det for måten me tolkar meldingane som kjem ut frå forhandlingane?
Iver B. Neumann. Putin seier at Russland gjerne vil ha fred. Kva betyr det? At Russland vil stansa krigshandlingane? Nei, det betyr at Russland vil nå sine mål, og så skal det bli fred. Det ein skal følga med på, er om det kjem nye krav frå Russland når ein nærmar seg ein avtale.
Dette har også skjedd i dag:
Frankrike setter inn store politistyrker før helga
70.000 folk blir henta inn for å passa på tryggleiken under demonstrasjonane som er planlagt no til helga. Sist laurdag endte demonstrasjonane i vold, plyndring og mykje som vart øydelagd. Ekspertar har også peika på at politiet var underbemanna den laurdagen. (NRK/NTB)
Demonstrasjonane i Frankrike har pågått i fleire veker no – det er særleg dårlege forholda på skulane som har mobilisert mange. Men det som skjer i Frankrike handlar også om dårleg økonomi og ein framtidspessimisme. Vil du ha litt meir kontekst om bakgrunnen her, kan du bla litt tilbake i Demontert-feeden og høyra vår episode om den franske protestkulturen – eg skal også få lagt inn ei lenke til den episoden i saka her.
Streik i SAS.
Det er 24 kabinansatte som skal streika frå onsdag, etter at Fellesforbundet sa nei til eit tilbod dei meinte ga for dårlege vilkår for både lønn og arbeid. Det vil ikkje forstyrra trafikken veldig, for det er i alt 2500 kabinansatte i konsernet, men Erik Lahnstein som leiar arbeidsgiverforeningen NHO Luftfart trekker fram i E24 at flybransjen er pressa for tida. Prisane på flydrivstoff har stige meir enn prisen på bensin og diesel, ifølge Lahnstein. (E24)
Dagens sak
Marstein trur på gud, men er ikkje religiøs. – Eg treng ein grunn til at det lønar seg å vere god når ingen ser på
Har du trua på fred i Ukraina med det første? Og korleis tolkar du meldingane som kjem ut frå viktige møter? Legg gjerne igjen dine tankar i bidragsfeltet under.
Med vennlig hilsen
Anders VebergHistorien er laget av Anders Veberg. Produsent: Nora Brønseth. Klipp og lyddesign: Herman Holtung Paulsen.