Demontert

2. september 2026

Hybridkrig skjer i gråsonen mellom krig og fred. Men hvordan ser det ut?


Send en tanke til Demos medlemmer

De har betalt for at vi kunne lage denne historien. Uavhengig journalistikk er ikke gratis.

Tyskland anklager Russland for droneangrep, og mener det passer inn i et mønster av russiske hybridoperasjoner.

Foto: Axel Schmidt/REUTERS/NTB

Mellom krig og fred

Kva tenker du når du høyrer om nok ein signalfeil som forstyrrar togtrafikken? At Vipps og Altinn er nede, at sjukehusapoteka ikkje kan behandle reseptane, eller at straumen har gått i halve hovudstaden?

At det er tilfeldig? Neppe. Eg tenker at det er hybride angrep. Framande makter som har tatt seg inn. Eg seier ikkje at det er slik, eg seier berre at det er slik jeg tenker.

For ei veke sidan blei ti sentrale norske digitale tenester ramma av eit omfattande dataangrep, som varte og rakk.

Det er ikkje berre i Norge dette skjer. Konklusjonen frå Tyskland om at det er Russland som står bak eit forsøk på droneangrep, kjem etter at ei drone blei oppdaga ved Leipzig/Halle-flyplassen 4. august, i nærleiken av eit ukrainsk transportfly som blir brukt til å transportere militært utstyr. Dagen etter fann politiet fleire droner med sprengstoff i det samme området. Tyskland viser til etterretning som indikerer at dei involverte handla på vegne av Russland, og knyter hendinga til eit større mønster av russiske hybridoperasjonar.

Russiske styresmakter avviser skuldingane, og president Vladimir Putin hevdar Tyskland sjølv har planta bevisa. Som ein reakasjon stenger Tyskland det russiske konsulatet i Bonn fram til 18. september, kallar inn den russiske ambassadøren på teppet, og varslar at dei vil føreslå nye EU-sanksjonar.

Dette viser sjølve kjerna i hybride truslar. Operasjonane blir utførte i gråsona mellom krig og fred, og er utforma slik at det er vanskeleg å bevise kven som eigentleg står bak.

Kva gjer det med oss når skillelinjene blir viska ut på denne måten? Når det ikkje er riktig å kalle det krig, men i alle fall ikkje fred? Skal vi «keep calm and carry on», eller vere på vakt, natt og dag?

Når tyske styresmakter henger bjella på katten på denne måten, heiter det på diplomatspråket å «attribuere» ei framand makt. Det er ikke noko ein tar lett på.

President Putin har avvist alt og hevda at det tvert imot er Tyskland sjølv som har planta bevisa på flyplassen. Dermed er konfliktnivået mellom Europa og Russland enda mer tilspisset, meiner direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt.

– Det mønsteret som blir avdekka her er klart russisk, og den reelle nyheita er at Tyskland no vel å peike direkte på Russland og varslar at dei vil svare. Det betyr rett og slett at spenninga i Europa aukar, noko som også er det Russland ønsker å oppnå.

Neumann viser til at Tyskland er eit politisk og økonomisk tyngdepunkt i Europa, og ei sentral NATO-makt.

– For Norge sin del må vi stå last og brast med Tyskland, Storbritannia og Frankrike, som er våre sikraste allierte no.

Attribuering er ei diplomatisk ansvarleggjering, men i seg sjølv ikkje eit svar, seier Neumann.

– Så Tyskland kjem til å følge opp med tiltak som sanksjonar eller innreiseforbod. Hvis Russland vel å gjengjelde det, får vi ytterlegare opptrapping. Heilt sidan dette starta, er det Russland som har drive konfrontasjonen og auka spenningsnivået, samstundes som dei nektar for alt. Ansvarsfråskrivinga «det var ikke meg» har nærast blitt ein fast del av russisk utanrikspolitikk.

Heile poenget med hybrid krigføring, i tillegg til å skape uro og splid i eit samfunn, er at ingen skal vite 100 prosent sikkert kven som står bak. Dei første soldatane som kryssa grensa til Ukraina i 2014, hadde nøytrale uniformer uten flagg på skuldra.
Dronene i Leipzig var også nøytrale og ikke merka med opphavsland, slik folkeretten krev at for til dømes eit jagarfly er. Det finst reglar for krig, men ikkje for hybridkrig.

Førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole, Tom Røseth, seier dette er viktig ved slike angrep. Sjølv om ein har sterke mistankar, er det ofte vanskeleg å bevise kven som står bak eller faktisk har trykka på knappen.

– Problemet med slike handlingar er at ein ut frå eksplosiva, komponentane i drona og motiv kan fastslå at det med stor sannsynligheit er Russland som står bak, men ein kan ikke bevise det, sier han.

Og nettopp der ligg den avgjerande skilnaden. Utan sikre bevis blir ikkje handlinga formelt rekna som en krigshandling.

– Eg er ikkje ekspert på det juridiske, men det vil snarare vere ei hybrid handling under terskelen for krig, seier Røseth.

Så kvifor trur du Tyskland vel å peike på Russland?

– Fordi det er ei svært alvorleg hending, som ville fått store følgjer om den hadde lukkast. Det viser også ein alvorleg trend der Russland eskalerer i sine handlingar, såkalte hybride handlingar, under terskelen for krig.

Hybride angrep kjem i mange former. Droner mot ein flyplass er bare ei av dei. Det kan like gjerne handle om cyberangrep, sabotasje av kritisk infrastruktur, påverknad av val eller spreiing av desinformasjon. Felles for dei alle er at dei ligg i det same grenselandet. Alvorlege nok til å skade, men utført på ein måte som gjer dei vanskelege å bevise, og endå vanskelegare å svare på.

Der krigen i Ukraina har ei tydeleg frontlinje, er fronten i den hybride krigføringa langt mindre tydeleg. Betyr dette at vi no lever i ein konstant tilstand av krig, berre i ei ny og mindre gjenkjenneleg form? Ikkje helt, meiner Røseth. Men fred er det heller ikkje.
– Det vi lever i, er ein tilstand mellom fred og krig. Vi har ikkje fred lenger. Men det er heller ikkje krig, sier han.

– I Europa er vi i en aukande konflikt med Russland over Ukraina. Men det handlar også om grunnleggande ulike interesser som gjer at vi er komne dit vi er i dag. Og vi er i ein tilstand mellom fred og krig, der det oppstår hendingar som blir utførte av trusselaktørar, spesielt Russland, som ønskJer å påverke, skade og splitte oss, fortset han.

– I Europa er vi i en tiltagende konflikt med Russland over Ukraina, men det handler også om grunnleggende forskjellige interesser. I denne tilstanden mellom fred og krig oppstår det hendelser utført av trusselaktører, spesielt Russland, som ønsker å påvirke, skade og splitte oss, sier Røseth.

Samtidig manar han til eit visst perspektiv.

– Det er utfordrande, men det er ikkje noko nytt. Vi har egentleg vore i ein unik fredeleg situasjon i 30 år etter den kalde krigen.

Hybride angrep kan gjere skade på til dømes kraftforsyning, oljeplattformer eller toglinjer. Men den langsiktige og skjulte skaden er aukande tvil og minkande tillit i samfunnet. Som kan føre til splid og politisk uro.

I den hybride krigens tid er det enten eller, seier Tom Røseth som meiner det er svært truleg at det var grupper med hackere tilknyttet russiske styresmakter som sørga for at ti norske digitale tjenester knelte forrige veke.

Då Stortinget blei utsett for eit dataangrep, og fekk ubudne gjester inn i e-postserverane i august 2020, slo norske styresmakter fast at det var Russland som stod bak.

Men korleis skal vi forholde oss til dette nye trusselbildet, Tom Røseth?

– Når plutseleg min bankID og Altinn ikkje fungerer, så hender det jo at det er, i alle fall i kortare periodar, uhell eller feil gjort av selskapa sjølv. Men vi såg jo no at det også er kapable aktørar tilknytta den russiske stat som utfører tenestenektangrep mot våre nasjonale, viktige tjenester. Så her er det dessverre en realitet som gjer at ein tenker nettopp det. Og så kan det vere feil. Men det viser jo at vi er i en alvorlig situasjon, seier Røseth, og legg til:

– Men ein skal ikkje gå rundt og mistenke alt og alle. Det må vere hvis det er ein god grunn til mistanke, og at magefølelsen er veldig sterk på at noko er galt.

Dette har også skjedd i dag

  • Nordea spår rentehopp. Noregs Bank hevar renta éin gong i haust og kuttar ikkje før i 2028, trur Nordea Markets. Bakgrunnen er at inflasjonen i Noreg har lege godt over målet for prisvekst dei siste fem åra, og Nordea ventar at Noregs Bank ikkje kuttar renta til han er sikker på at inflasjonen nærmar seg målet på to prosent. (E24)

  • FNs klimarapport: Den globale oppvarminga vil truleg passere 1,5-gradersmålet i Parisavtalen. Avtalen har som mål å avgrense oppvarminga til godt under 2 grader, og helst ikkje meir enn 1,5 grader. Ifølgje UNEP peikar dei mest optimistiske anslaga no på 1,8 grader. (UNEP)

Dagens sak

Mormor, hvem skal du spise middag med nå da? Kongens død gir landesorg, men oftest er sorgen ensom. Her er vår ikke-håndbok til å miste noen.


Eg er over snittet mistenksam og mistruisk når vårt elles nokså velfungerande samfunn stoppar opp. Og jeg vel enn så lenge å stole på at styresmaktene handterer det på ein god måte. Om eg tar til å tvile, vil det eg mistenker er hybride operasjonar, ha lukkast.

Med vennlig hilsen

Håkon Haugsbø

Demontert-vert